Reflector med eksklusiv oppheitingskonsert i Eidfjord

Hei alle saman! Lenge sidan Reflectoren har gitt livsteikn frå seg, men no er det litt planar i lufta! Laurdag 21. april skal Fonnafest stilla med program om kvelden på aktivitetshelga til Hardanger Ungdomsråd i Eidfjord. Les meir om den her
I den forbindelse skal Reflector dra eit par gamle svisker og vera oppheitingsartist for Galexy og BlueGem
Etterpå vert det diskotek med Fusa Lyd og Lys.
Dette er på ingen måte eit comeback, men dette er eit så bra arrangement at Hardingrapparen Reflector har bestemt seg for å stilla opp gratis.
Hugs at dei eldste fortsatt er eldst og rappe-moffen Reflector skal dra seg ut av pensojnisttilværinga på gamleheimen, ta fatt gåstolen og bevisa for ungdommen i Hardanger at hardingrapen fortsatt flyt som ei tilja på vatnet!
Er du ungdom i Hardanger og er frå 14 år og oppover bør du dra din lekam inn til Eidfjord 20.- 22. april, for det er der det skjer den helga!
Snakkast brått!
Vyrdsamt "rappe-moffen" Reflector










