Siste Vers- den aller siste songen- er lagt ut på nett for nedlasting!

Hei folkens! Då er den aller siste songen til Reflector som enkelt og greit er kalla for "Siste Vers" lagt ut her på Urørt for gratis nedlasting. Guro er med og bidreg på denne songen som er produsert av Ansane Beats i Canada og pre-produsert og innspelt av Alvin Vestrheim i Lyd i Løo Studio.
Håpar at de vil lasta den ned og at de likar den! Som tidlegare annonsert så legg Hardingrapparen Reflector opp "karriera" no.

Last ned songen her

Sidan den spede start i 2004 har det vore ei utruleg reise og eg har fått oppleva mykje, mykje meir enn eg hadde drøymt om då eg starta med å rappa på Jondaldialekt- noko som i fyrste omhang var meint som spøk- men som utvikla seg til å verta noko meir ut av!

Tusen takk til alle eg har samarbeida med:
Bjørn Otto i Wallcon Lydstudio i Ålvik, Haakon og Stian i Hyperklikk Vokalstudio i Fyllingsdalen, Alvin i Lyd i Løo Studio i Øystese, rapparen Andreas aka Delario.
Bandet mitt: Svein Olav, Anders, Lars Håvard og Guro + Sigmund som takka av som bassist i begynnelsen av fjoråret og Arild B. Nielsen som var med som gjesteartist på trompet på ein magisk konsert i Jondal i fjor sommar.

Tusen takk til alle arrangørane som har latt Reflector og etterkvart bandet få sleppa til på både små og store scener.

Sist men ikkje minst: Tuuuusen takk til fansen som har støtta meg og gjort dette mogleg!!! Eg set uendeleg stor pris på dykk.
Og til alle andre som eg har gløymt: Mange tusen gonger takk til dykk og!

Med beste helsing frå Reflectoren

4 kommentarer

Fonnafest

15.apr.2011 kl.20:18

kjempe fin song!! :P

Øyvind Sollesnes

15.apr.2011 kl.20:20

Takk fø da :)
Kult med rap på jondalsk dialekt! Skulle ønske jeg snakket sånn, blir like forelsket hver gang noen åpner munnen. Har hytte forbi jondal (årvik)

hardingrap

27.feb.2012 kl.21:45

Leah:Takk fø da ;) Kjekt at du likar hardingrapen!

Skriv en ny kommentar

hardingrap

hardingrap

100, Jondal

Kategorier

Arkiv

hits